Kvinnherad kommune Halsnøytunet

Sjukepleiar Halsnøytunet 100% fast

Sjukepleiar

Omtale av stillinga

Er du sjukepleier og vil vera med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Hos oss er vi opptatt av at tenestene skal vera fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Saman om kvalitet i tenestene. Halsnøytunet er ein spennande arbeidsstad med varierte oppgåver og utfordringar, samt eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi ynskjer deg som vil ta del i åre utfordringar og bidra til å skapa livskvalitet for våre pasientar.

På Halsnøytunet er det to avdelingar. Ein somatisk avdeling med til saman 9 senger, der det er langtidsplassar og nokre korttidsplassar, og ein demens avdeling med 8 senger.

Vi har trong for påfyll av fagleg kompetanse, og søkjer derfor etter sjukepleiarar i 100% stilling på begge avdelingar. Vi har årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Det har vi løyst med at ein jobbar to helger på rad og har fire helger fri. Men vi ser på moglegheit med 12 timars vakter både på kvardagar og helg, som kan gi lengre fri periodar. Vi ønskjer å tenke nytt i forhold til turnusløysingar, og er opne for nye moglegheiter. Tilsetjing fortløpande. 

Rekrutteringstilskot på kr 50 000 for eksterne søkjarar (som ikkje arbeider i kommunen frå før), med ei bindingstid på 1 år.  

 

Arbeidsoppgåver

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Tilrettelegging for å nytte velferdsteknologiske løysningar
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningslinjer og prosedyrar
  • Ha sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og på andre grupper når det er behov for det
  • Jobbe tverrfagleg med ulike profesjonar
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innan sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring.
  • Studentar som går siste året på sjukepleiarutdanning vert og oppmoda til å søkja. Ein føresetnad for fast arbeid er autorisert sjukepleiar til våren.
  • Relevant arbeidserfaring.
  • Gode IT-kunnskapar.
  • Personlege eigenskaper
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Likar utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar med ulike behov, på ein verdig og respektfull måte
  • Handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Utdanningsstipend
  • Oppdatert kvalitetssystem med rutiner og prosedyrer
  • Opplæring og kompetanseheving med e-lærings plattform
  • Gratis SFO
  • Maksprisar i barnehage
  • Inga eigedomsskatt

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.06.2024

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Halsnøy

Kontaktpersonar:

Anne Tangen Rørdal

mob: +47 90949750

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: