Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy

Helgestillingar- pleiemedarbeidar/assistent

Pleiemedarbeidar

Vi søkjer

Heimetenester Halsnøy er ein pulserande og kjekk arbeidsstad. Til hausten skal mange av våre faste vikarar på skule eller er ferdig utdanna, og skal ut på nye eventyr. Då treng vi helgevikarar og ringevikarar. Vi har ledig helgestilling 13.1 % fast og vikariat. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. I tillegg søkjer vi etter personar som er interessert i å vere ringevikar. Intervju vil bli gjennomført fortløpande. 

Stipendordning:
Kvinnherad kommune vil som ledd i rekrutteringsarbeid tilby ordning med stipendløn for helsefagleg høgskuleutdanning og lærarutdanning. Det er ei ordning der studentar får eit stipend på kr. 2000,- kvar mnd. i tillegg til ordinær løn for fast helg og ferievikariat. For å få ei slik avtale må det lagast avtale mellom student og Kvinnherad kommune. Avtalen følger skuleåret og forutsetter at studenten binder seg til helgearbeid ca. 13 % stilling med arbeid 14 helger pr. år og ferievikariat med minimum varighet på 5 veker i 80 - 100 % stilling. Ferie må avtalast med nærmaste leiar ut frå behov for ferievikarar. Helger i sommarvikariatet tel med talet på helger ein skal jobbe i løpet av året. Det er mogleg å arbeida inn helger om dette lar seg gjera for avdelinga si drift; om studenten har behov for dette. Gjeld særleg i samband med praksisperiodar. 

Bindingstida er 12 månader frå oppstart av ordninga.

 

Kvalifikasjonar

Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.

 

Personlege eigenskaper

Evne til å arbeide sjølvstendig.

 

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.

Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

09.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Halsnøy

Kontaktpersonar:

Ellen Korsvold

tlf: +47 95768175

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: