Kvinnherad kommune Heimetenester Sør

Sjukepleiarar, 100% fast, heimetenesta Husnes

Sjukepleiar i heimetenesta Husnes

Omtale av stillinga

Heimetenesta er ein spanande arbeidsstad med mange og varierte arbeidsoppgåver. Vi har eit godt og pulserande arbeidsmiljø. Vi er gode på  internundervisning med fokus på faglig oppdatering. No søkjer vi etter 2 sjukepleiarar i 100% stilling. Arbeidet inneber turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Det vert arbeidd med innføring av årsturnus i frå 2025, samt innføring av langvakter på helg. Oppmøtestad Husnes. 

 Arbeidsoppgåver

  • Ordinære arbeidsoppgåver i heimetenesta
  • Sjukepleiefaglege prosedyrar og observasjonar
  • Tverrfagleg samarbeid

 Kvalifikasjonar

  • Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar. Om me ikkje får kvalifiserte sjukepleiarar, kan ein vurdere å tilsetje helsefagarbeidar i vikariat. 

  • Søkjar må ha sertifikat klasse B.
  • Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du kan vise til erfaring eller utdanning innan eit eller fleire av desse fagområda: omsorgsteknologi, eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar/akuttsjukepleie i kommunane, kvardagsrehabilitering, demens/geriatri, lunge/kols, gastro/stomi, ernæring, smittevern.

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

 Personlege eigenskaper

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert

  • Ha gode evner til kommunikasjon og til å motivere andre
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Gratis SFO
  • Maksprisar i barnehage
  • Inga eigedomsskatt

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

HUSNES

Kontaktpersonar:

Ellen Korsvold

tlf: +47 95768175

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: