Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Sommarjobb på turistinformasjonen

Har du lyst på ein kjekk sommarjobb i år 

På turistinformasjonen leitar me etter turistvertar som vil vera eit godt vertskap for besøkande som kjem til  Kvinnherad denne sommaren. Turistane som kjem innom oss lurar på kva dei kan oppleve i kommunen, og turistverten sin jobb er å hjelpe turistane med det dei lurar på.  

I samarbeid med veg og park kan stillinga som turistvert kombinerast med å gjera enkle oppgåver på kaiområdet i Rosendal. Dette vil i så fall inkludera å sjå til at det ser fint og ryddig ut kaiområdet og ved terminalbygget.   

 

Arbeidsoppgåvene som turistvert inkluderar: 

  • Å hjelpe turistar på turistkontoret 

  • Ha tilsyn ved Skaalurensamlinga og bidra med formidling om samlinga 

  • Billettsal til utstillinga på Folgefonnsenteret og Skaalurensamlinga.  

  • Sjå til at lokalet er ryddig innandørs og utandørs.  

  • Ha tilsyn ved kaiområdet og terminalbygget (til dømes sjå til at terminalbygget og kaimområdet er ryddig for søppel).  
     

Søkjarar frå 16 år vil verta vurderte.  

Det er størst behov for turistvertar i juli, men heile skuleferien er aktuell. Me ber om at du i søknaden skriv kva tidsperiode du kan jobbe i.  

Arbeidstid vil vera innanfor opningstidene våre kl. 10-18, med arbeid minst kvar 3. helg.  

Lønn etter tariff.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

06.05.2024

Tiltreding:

Juni 2024

Arbeidsstad:

Rosendal

Kontaktpersonar:

Helene Olderkjær Lillebø

mob: +47 41237176

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: