Kvinnherad kommune Ergo og fysioterapi

Ergoterapeut 100% fast stilling

Ergoterapeut 100 fast stilling

Omtale av stillinga 

Kvinnherad kommune søkjer ergoterapeut i 100 % fast stilling. Arbeidsstad er avdeling for Ergo- og fysioterapi med arbeidsstad ved det kommunale hjelpemiddellageret saman med våre serviceteknikarar. Du vil samtidig få eit breitt samarbeidsfelt, der særskilt våre øvrige tilsette i eininga, heimetenester, institusjon, NAV Hjelpemiddelsentral og innbyggjarar vert nære samarbeidspartar.  

Som ergoterapeut ved Hjelpemiddellageret ynskjer me at du vil ta tak i og delta i utvikling av hjelpemiddelformidling lokalt. Du vert nemleg vår fyrste ergoterapeut som er tilsett direkte ved Hjelpemiddellageret. Dette er ein modell vi ynskjer å prøve ut då vi ser mange fordelar med å ha den aktuelle kompetansen fysisk tilstades på lageret. Dette vil kunne effektivisere  tenesta og betre tilbodet til innbyggjarane og samarbeidande tenester. I tillegg til rolla som ergoterapeut med tradisjonelle ergoterapeutiske oppgåver vil du også delta i arbeidet ved lageret slik som utkøyring av hjelpemidlar, montering, mindre reperasjonar og liknande. Du som likar å ta i eit tak, vere fysisk aktivog ha ein variert arbeidsdag passar perfekt for oss! 

 

Arbeidsoppgåver  

  • Tilrettelegging for meistring, aktivitet og deltaking  

  • Hjelpemiddelformidling og bustadtilpassing/utbetring 

  • Samarbeid innan tenesta og med eksterne aktørar  

  • Bidra aktivt til utvikling av hjelpemiddelformidling i kommunen  

  • Utkøyring, montering og reperasjonar av hjelpemiddel   

 

Kvalifikasjonar og erfaring  

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut    

  • Gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk  

  • God digital kompetanse 

  • Vere strukturert og like å ha orden 

  • God fysisk helse 

  • Interesse for og basiskunnskap i praktisk arbeid (reparasjonar ol.) vil vere ein fordel 

  • Førarkort klasse B, fordel med BE 

  

Personlege eigenskapar  

  • Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre  

  • Nysgjerrig, engasjert og med evne til å jobbe strukturert  

  • Likar å gjere nye oppgåver og er fleksibel  

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med brukarar og samarbeidspartar 

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. 

 

 Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

  • Eit tverrfagleg miljø i utvikling, med vekt på samhandling. 

  • Utfordrande og sjølvstendig arbeid, fleksibel arbeidstid 

  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

  • Reduserte barnehageprisar og gratis SFO. 

  • Inga eigedomsskatt 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.05.2024

Kontaktpersonar:

Geir Ove Fosse

mob: +47 90694791

Tone Eitrheim

mob: +47 90533439

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: