Kvinnherad kommune Undarheim skule

Avdelingsleiar Undarheim skule

Brenn du for å gjere ein skilnad for barn og unge, er Undarheim skule rette staden for deg!

 

Undarheim skule søkjer etter avdelingsleiar inntil 100%. Stillinga kan blir delt på to personar, og det vil då ligge noko undervisning til stillinga. Avdelingsleiar inngår i skulen si leiargruppa saman med rektor.

 

Omtale av stillinga

Undarheim skule er ein barneskule med om lag 200 elevar. Elevgruppa vår representerer om lag 20 nasjonar. Me har god delingskultur og underviser gjerne med opne dørar. Elevaktivitet og inkludering står høgt hos oss.

Hjå oss jobbar om lag 40 kjekke menneske og me har eit godt og sosialt arbeidsmiljø. Det er god fordeling i alder, og personalet består av både menn og kvinner. Saman er me ansvarlege for å skape eit godt læringsmiljø for elevane og eit tilsvarande godt arbeidsmiljø for alle tilsette. Alle medarbeidarar utgjer ein skilnad for elevane våre.

Om knappe to år flyttar skulen inn i eit nytt skulebygg. Dette bygget har dei tilsette fått vore med på å teikne, og bygget vil skilta med lydstudio, skaparverkstad, amfi, supre romløysingar for elevgruppene, og gode arbeidsrom for tilsette. Skulen får eit flott uteområde, og har turområde i nærleiken. Det nye skulebygget vil ligge like ved nyoppførte Kvinnherad Arena; ein fleirbrukshall med mellom anna klatrevegg og basishall med nedsenka trampolinar.

 

Skulen ligg i Kvinnherad kommune. Kommunen er den fyrste i landet som har gratis SFO, og dekking av flytteutgifter vert gjort etter avtale. Kvinnherad er kommunen for deg som er glad i fjord og fjell, klatring, toppturar, rusleturar langs vatnet, sport og dyreliv.

 

Som avdelingsleiar:

  • bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø gjennom systematisk og målretta arbeid. Du har særleg fokus på tidleg innsats og inkluderande praksis gjennom førebygging, fange opp og følgje opp
  • tek du ansvar for eit godt arbeidsmiljø og personalhandtering i samarbeid med rektor
  • følgjer du opp undervisninga og elevane si læring og utvikling i samarbeid med dei andre tilsette
  • legg du til rette for pedagogisk kvalitetsarbeid og deltek i lærande profesjonsfellesskap på skulen
  • tek du ansvar for dagleg drift, slik som ressurs,- og timeplanlegging, i samarbeid med rektor
  • er du fleksibel og aktiv i skulen si leiargruppe og bidreg til systematisk og forskingsbaserte utviklingsarbeid
  • tek du vare på eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar

 

Det er ønskje om

  • pedagogisk utdanning
  • leiarerfaring og/eller leiarutdanning. Dersom du ikkje har leiarutdanning forpliktar du deg til å ta dette.
  • erfaring med undervisning og tilpassa opplæring frå grunnskule
  • god læreplanforståing og engasjement for å jobbe med skuleutvikling, gjennom å leie og å delta i profesjonelle læringsfellesskap.

 

Personlege eigenskapar

Me søker ein utviklingsorientert avdelingsleiar med ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. Personlege eigenskaper vil vektleggjast ved tilsetjing.

  • Du er engasjert, inkluderande, omsorgsfull og tydeleg.
  • Du har eit grunnleggande positivt elev- og læringssyn og god relasjonskompetanse.
  • Du blir motivert av å yte gode tenester.
  • Du kan jobbe systematisk.
  • Du har evne til å involvere og samarbeide med elevar, tilsette, føresette og relevante samarbeidspartnarar.
  • Du er fleksibel og har høg arbeidskapasitet.

 

Me tilbyr

  • Engasjerte kollegaer med god kompetanse
  • Ei meiningsfull, utfordrande og interessant leiarstilling med utviklingsmoglegheiter
  • Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og humor
  • Ein spennande skule i utvikling på veg inn i nye lokalar
  • Løn etter avtale i kapittel 4 i HTA
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

 Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Marion Haga

mob: +47 91108094

Rikard Røros

mob: +47 95754306

Adresse:

Røsslandsvegen 5 5460 Husnes

Kart: