Kvinnherad kommune Undarheim skule

Lærarar inntil 200% Undarheim skule

Brenn du for å gjere ein skilnad for barn og unge, er Undarheim skule rette staden for deg!

 

Undarheim skule søkjer etter lærarar inntil 200% stilling, både mellombelse/vikariat og fast, frå hausten 2024.

 

Omtale av stillinga

Undarheim skule er ein barneskule med om lag 200 elevar. Elevgruppa vår representerer om lag 20 nasjonar. Me har god delingskultur og underviser gjerne med opne dørar. Elevaktivitet og inkludering står høgt hos oss.

Hjå oss jobbar om lag 40 kjekke menneske og me har eit godt og sosialt arbeidsmiljø. Det er god fordeling i alder, og personalet består av både menn og kvinner. Saman er me ansvarlege for å skape eit godt læringsmiljø for elevane og eit tilsvarande godt arbeidsmiljø for alle tilsette. Alle medarbeidarar utgjer ein skilnad for elevane våre.

Om knappe to år flyttar skulen inn i eit nytt skulebygg. Dette bygget har dei tilsette fått vore med på å teikne, og bygget vil skilta med lydstudio, skaparverkstad, amfi, supre romløysingar for elevgruppene, og gode arbeidsrom for tilsette. Skulen får eit flott uteområde, og har turområde i nærleiken. Det nye skulebygget vil ligge like ved nyoppførte Kvinnherad Arena; ein fleirbrukshall med mellom anna klatrevegg og basishall med nedsenka trampolinar.

 

Skulen ligg i Kvinnherad kommune. Kommunen er den fyrste i landet som har gratis SFO, og dekking av flytteutgifter vert gjort etter avtale. Kvinnherad er kommunen for deg som er glad i fjord og fjell, klatring, toppturar, rusleturar langs vatnet, sport og dyreliv.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i ulike fag
  • Klasseleiing
  • Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og utviklingssamtalar
  • Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
  • Sikra at elevane får eit godt skuletilbod

 

Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen

Personlege eigenskaper

  • Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
  • Er lærevillig og utviklingsorientert.
  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
  • Har gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
  • Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Marion Haga

mob: +47 91108094

Adresse:

Røsslandsvegen 5 5460 Husnes

Kart: