Kvinnherad kommune Sunde skule

Lærar 100% vikariat - Sunde skule

Omtale av stillinga

 Ved Sunde skule er det ledig kontaktlærarstilling frå 1.1.25. Dette er eit vikariat fram til 30.11.2025.

Dette er ein godt etablert klasse, og du vil få grundig opplæring i forkant for å sikre ei smidig overdraging og ein best mogleg oppstart.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i ulike fag
  • Klasseleiing
  • Kontaktlærar
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
  • Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
  • Sikra at elevane får eit godt skuletilbod

 

Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen

Personlege eigenskaper

  • Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
  • Er lærevillig og utviklingsorientert.
  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
  • Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Sunde

Kontaktpersonar:

Sindre Nyborg

mob: +47 91582462

Adresse:

Hamrabrekko 12 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND

Kart: