Helgestillingar
Helgestillingar /ringevikar /ekstrahjelp Ølve /Rosendal
Omtale av stillinga
Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetenesta har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.
Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg.
Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.
Vi søkjer:
Vi har fleire ledige helgestillingar, både på Ølve og i Rosendal og omegn. I tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillingane er knytta til arbeid kvar 2. eller 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. Er du under utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, lærar eller anna helsefagleg utdanning, kan du og får moglegheit til å bli tilsett med ei stipendordning.
Kvalifikasjonar
Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Nysgjerring og vilje til å læra
- Ikkje redd for å arbeide aleine
- Omsorgsperson
Vi tilbyr
- Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Tiltreding:
Fortløpande
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal