Kvinnherad kommune Reinhald

Reinhaldar

Reinhaldar 100% fast

Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø, og har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga.


Omtale av stillinga
No treng Eining for reinhald fleire reinhaldoperatørar og søkjer derfor etter ein ny reinhaldar til 100 % fast tilsetjing. Stillinga vil ikkje vere knytt til eit særskild bygg, men må rekna med å utføra reinhaldstenester fleire stader i kommunen. 


Vi søkjer person som har:
• fagbrev innan reinhald
• relevant praksis/ erfaring som etter vurdering kan kompensera for kravet om realkompetanse
• generell datakunnskap, kunna samhandla og nytta digitale flater som t.d. teams, e-post, og webbaserte system
• gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
• evne til å vera fleksibel og serviceorientert
• høg arbeidskapasitet, arbeide nøyaktig og systematisk
• evne til å jobba sjølvstendig og i team
• sertifikat klasse B


Personlege eigenskapar vil bli vektlagt


Menn vert oppmoda til å søkja.

Vi tilbyr:
• Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
• Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
• Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
• Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Søknad vert å senda :
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.09.2024

Tiltreding:

01.11.2024

Arbeidsstad:

Kvinnherad

Kontaktpersonar:

Siv Karin Ersland

mob: +47 90575647

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: