Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Psykisk helsearbeidar 100% fast Rus- og psykisk helsetenester

Psykisk helsearbeidar 100% fast Ambulant team

Har du lyst på nye utfordringer? Vi har ledig stilling i Ambulant team som psykisk helsearbeidar. Her er det utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø. 

 

Omtale av stillinga 

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter psykisk helsearbeidar til fast stilling. 

Arbeidstad er Rus-og psykiske helsetenester, Husnes tenestesenter. 

Arbeidstidsordning er dagtid/fleksitid. Tilsetting frå november 2024. 

Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneber å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring. Arbeidsoppgåvene kan vere blant anna å ha terapeutiske samtaler, hjelpe brukarane til å strukturere kvardagen og å finne meiningsfulle aktivitetar, kurshalding, pårørandearbeid, kartlegging, lågterskel arbeid, rapportering, opplæring og fremming av digitale kurs.  

 

 

Kvalifikasjonar 

- 3 årig høgskule utdanning innan sosial og/eller helsefag. 

- Vidareutdanning i Tverrfagleg psykisk helsearbeid og/eller rusomsorg.  

- Utdanning i Kognitiv terapi vil vere eit føremon. 

- Erfaring frå psykiatri og/eller rusomsorg. 

- Førarkort klasse B. 

 

Personelge eigenskapar 

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

- Gode evner i relasjonsbygging. 

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg. 

 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

 Menn vert oppmoda til å søkja stillinga. 

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. 

 

Vi tilbyr 

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 

Gode arbeidstilhøve. 

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  

søknaden din. 

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §  

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.09.2024

Tiltreding:

01.11.2024

Kontaktpersonar:

Laila Håvik

mob: +47 91838769

Linn Stene Hellås

mob: +47 95960651

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: