Kvinnherad kommune Barn og familie

Pedagogisk psykologisk rådgjevar 100% vikariat

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar på Husnes tenestesenter på Husnes. 

Om stillinga:

Eining barn og familie har ledig 100% vikariat som Pedagogisk psykologisk rådgjevar ved PP-tenesta frå 08.11.24 og ut året 2025. Vi søkjer deg som likar å jobbe saman med barnehagar og skular i utvikling av eit inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge.

PP-tenesta legg vekt på å støtte barnehagane og skulane i arbeidet med ein inkluderande praksis. Vi har faste dagar ute i barnehagane og skulane, der fokus er rettleiing og støtte i arbeidet med førebygging, fange opp og følge opp.

Du som har tru på at proaktiv, inkluderande og positivt arbeid er vegen å gå for å leggje godt til rette for trivsel og utvikling for alle, bør søkje.

Arbeidsoppgåver:

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Varierte arbeidsoppgåver i samsvar med barnehage- og opplæringslova
  • Samarbeide med barnehage og skule i arbeidet med ein inkluderande praksis
  • Støtte og rettleie barnehage og skule i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • Rådgjeving og rettleiing innan ulike spesialpedagogiske fagområde
  • Deltaking i ressursteam
  • Sakkunnig arbeid
  • Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester

Kvalifikasjonar: 

Pedagogisk, psykologisk eller sosialfagleg grunnkompetanse på høgskulenivå med vidareutdanning innan spesialpedagogikk, pedagogikk, pedagogisk psykologisk rådgjeving, eller cand. psychol. 
  • Det er ein fordel med erfaring med arbeid i grunnskule 
  • Det er ein fordel med utgreiingskompetanse innan ulike lærevanskar 
  • Evne og vilje til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig, samt ha samhandlingskompetanse
  • Kompetanse og erfaring med organisasjonsutvikling er ein fordel
  • Erfaring frå PPT eller anna rettleiing/rådgjevingsteneste er ein fordel
  • Søkjar må kunne arbeide tverrfagleg
  • Søkjar må ha god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

Vi tilbyr:

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd 
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø 
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Rettleiing 
  • Fleksitid 
  • Løn etter kvalifikasjonar. Relevante funksjonstillegg vil verta vurdert.  
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar 
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO og reduserte barnehageprisar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.09.2024

Tiltreding:

08.11.2024

Arbeidsstad:

Husnes tenestesenter

Kontaktpersonar:

Randi Pedersen

mob: +47 45288088

Sturla Helland

mob: +47 97024320

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: