Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Avdelingsleiar Rus- og psykiske helsetenester Borgjo Bufellesskap

Avdelingsleiar

Ynskjer du å leia ein avdeling med eit godt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø? Rus og psykiske helsetenester har ledig ei spennande stilling som avdelingsleiar ved eit av våre bufellesskap. 

 

Omtale av stillinga 

 Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter avdelingsleiar ved Borgjo Bufellesskap i Rosendal. Avdelingsleiar har ansvar for dagleg drift av bufellesskapet og personalansvar for 22 årsverk i turnus. Borgjo samarbeider med andre avdelingar i Eining for Rus-og psykiske helsetenester, andre einingar i sektor Helse, omsorg og sosial, og spesialisthelsetenestene. Borgjo har 13 bueiningar med døgnbemanning. Avdelinga har ansvar for å gje helse-og omsorgstenester til bebuarane ved Borgjo med fokus på miljøterapi og eigenmeistring. 

 

Arbeidstid er dagtid. Tilsetting frå januar 2025. Arbeidsstad er på Borgjo Bufellesskap, Rosendal. 

 

Vi søkjer etter ein leiar som kan: 

  • Bidra til utvikling av tenesta 

  • Vera ansvarleg for at tenestene er i samsvar med lovar, forskrifter og andre sentrale og interne føringar. 

  • Koordinere personell og arbeidsoppgåver 

  • Drifte avdelinga fagleg og personellet innafor vedtekne rammer. 

  • Delta i utviklingsarbeid 

 

Kvalifikasjonar 

  • 3-årig høgskule utdanning innan sosial og/eller helsefag, og vidareutdanning innan tverrfagleg psykisk helsearbeid og/eller rusomsorg.  

  • God forståing av lovverk og føringar. 

  • Leiarutdanning og erfaring frå tilsvarande arbeid er ynskjeleg, men ikkje  eit krav. 

  • Førarkort klasse B. 

 

Personelege eigenskapar 

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

  • Du må vera ein god relasjonsbyggar og har fokus på inkludering, dialog og kommunikasjon. 

  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

  • Du må vere innovativ og nytenkande 

  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. 

  • Du må ha god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. 

 

Ved tilsetjing vert det stor  lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

 Menn vert oppmoda til å søkja stillinga. 

 Vi ber og om at du oppgi mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. 

 

Vi tilbyr 

 

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 

Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

Løn etter avtale 

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  

søknaden din. 

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §  

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.10.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Borgjo Rosendal

Kontaktpersonar:

Linn Stene Hellås

mob: +47 95960651

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: