Kvinnherad kommune Matforsyning

Kokk 100% vikariat

Vikariat for kokk

Omtale av stillinga

Eining for matforsyning treng kokk i 100% vikariat, med snarleg oppstart. Stillinga kan på sikt bli fast. Eininga held til på Husnestunet, og er Kvinnherad sitt "storkjøken" på matlevering. Her arbeider du i lag med fleire kjekke kollegaer, der fokus er kvalitet på leveransar til brukargruppa vår. I tillegg til å produsere middag/bakverk, så har ein og noko catering og selskapsverksemd. Då me har snarleg trong for kokk, tek me intervju fortløpande. 

 

Arbeidsoppgåver

- Bistå i produksjon av middag, dessertar og bakverk.

- Pakking og distribusjon av matvarer til dei ulike institusjonane i Kvinnherad kommune.

- Reinhald på arbeidsplassen og anna forfallande arbeid.

Andre oppgåver kan verte tillagt stillinga.

 

Kvalifikasjonar

- Fagbrev som kokk

- Førarkort kl. B

 

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
  • Ansvarsfull og nøyaktig
  • Serviceinnstilt
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.09.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Finn Solberg

tlf: +47 91569872

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: