Kvinnherad kommune

Psykolog/psykologspesialist 3 x 100% fast i tverrfagleg psykologteam

Omtale av stillingane

Kvinnherad kommune har 3 ledige stillingar som psykolog/psykologspesialist for tilsetting etter avtale.

Kvinnherad kommune ynskjer å etablere eit tverrfagleg psykologteam som arbeider med barn, unge og vaksne. Teamet skal samarbeide tett med kommunens rus-og psykiske helsetenester og Eining Barn og familie. Teamet skal ha ansvar for etablering og framdrift for utvikling av psykologtenesta i kommunen.

Psykologen skal gjennom psykologfagleg arbeid bidra i utforming og implementering av tiltak på ulike nivå innan psykisk helse for barn, unge og vaksne. Helsefremjande og førebyggjande arbeid og tidleg innsats er hovudoppgåvene.  

Psykologen skal medverke til å styrke det kommunale arbeidet for å fremje god psykisk helse. Det vil vere oppgåver knytt til rettleiing internt i einingane og til skular og barnehagar. Stillingane er og del av lågterskeltilbod til barn, unge og deira familiar og vil ha samarbeid med avdeling for familiestøtte. Psykologen kan og få oppgåver knytt til det overordna planarbeid for kommunen si tenesteutvikling på målområdet psykisk helse/ oppvekst.   

Det er rom for å utforme stillingsinnhaldet i samarbeid med dei som vert tilsett.   

Arbeidsoppgåver i psykologteamet

  • Ta del i førebygging og tidleg innsats, og bidra til koordinerte tenester for barn, unge og familiar, samt vaksne med psykiske vanskar og/eller rusproblem
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Bidra til kompetanseheving gjennom konsultasjon/rettleiing, rådgjeving og undervisning til aktuelle grupper av personell og tenester i sektor oppvekst, og sektor omsorg, helse og sosial
  • Utgreiing/behandlingsoppgåver 
  • Klinisk/terapeutisk arbeid med barn, unge og vaksne
  • Behandling av lettare til moderate psykiske vanskar, samt rusproblematikk for vaksne
  • Diagnostisk vurdering og utgreiing for å kunne leggje til rette for behandlingstiltak
  • Råd og rettleiing til pårørande, barn, unge og deira foreldre

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter psykolog/ psykologspesialist. 

Det vil bli lagt særleg vekt på;

  • evne til samarbeid
  • evne til å arbeide sjølvstendig
  • arbeide målretta, systematisk og strukturert
  • at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
  • vilje til å tenke alternativt og tverrfagleg
  • gode kommunikasjonsevner, norsk munnleg og skriftleg

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

Vi tilbyr

  • Eit positivt arbeidsmiljø med høve til faglege utfordringar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Høve til relevante kurs og spesialisering/vedlikehald
  • Veiledning
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Gode høve til friluftsliv både sommar og vinter
  • Varierte kulturtilbod
  • Gode oppveksttilhøve for barn

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

24.11.2024

Tiltreding:

Snarleg tilsetting

Arbeidsstad:

Husnes tenestesenter

Kontaktpersonar:

Linn Stene Hellås

mob: +47 95960651

Randi Pedersen

mob: +47 45288088

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: