Sakshandsamar byggesak - 100% fast
Vi treng fleire med oss på laget! Kvinnheringar har mange byggeprosjekt og idear, og vårt mål er å gje raske, gode og kvalitetssikra vedtak. Då treng vi fleire dyktige medarbeidarar.
Avdeling Byggesak og geodata søker etter sakshandsamar i 100 % stilling. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til sakshandsaming av bygge- og delingssaker, tilsyn og andre oppgåver innan avdelinga sine fagområde.
Avdelinga har eit breitt fagfellesskap med dyktige tilsette innan bygge – og delingssaker, oppmåling og miljøretta helsevern, og vi er i dag organisert saman med plankontoret.
Byggesak arbeider mellom anna med desse oppgåvene:
Vi handsamar delegerte byggesaker etter plan- og bygningslova, klagesaker og vi lagar saksframlegg til politisk handsaming. Vi gjennomfører tilsyn i byggesaker og har ulovlegoppfølging av tilhøve som ikkje er i tråd med lov, forskrift og plan.
Vi har førehandskonferansar og vi bidreg internt til ulike avdelingar, men særleg til plan, teknikk og miljø.
Vi ynskjer oss ein kollega med god kompetanse og stort engasjement og som har lyst til å arbeida i eit spennande fagfelt. Vi har eit godt og triveleg arbeidsfellesskap som har plass til endå fleire.
Når du arbeider hjå oss vil du koma borti saker frå heile kommunen, du vil få bruk for evna di til å setja deg inn i nye oppgåver og. Du vil bli del av eit team som deler kunnskap og hjelper kvarandre å finna gode løysingar. Du må kunna jobba sjølvstendig, særleg i periodar med høgt tempo og mange saker.
Faglege og personlege kvalifikasjonar:
- Utdanning på bachelor eller masternivå; til dømes som ingeniør eller innan rettsvitskap eller liknande relevant fagområde. Relevant erfaring kan vega opp for manglande formell utdanning.
- Det er ein fordel med erfaring frå kommunal forvaltning, men naudsynt opplæring vil bli gitt.
- God kjennskap til plan- og bygningslova og forvaltningslova.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort
Arbeidet krev god organisering og høg grad av sjølvstendig arbeid, og personlege eigenskapar vil vere stor del av vurderinga.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.10.2024
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Rosendal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal