Brannkonstabel deltid
Omtale av stillinga
Kvinnherad brann og redning har for tida ledige deltidsstillingar som brannkonstablar ved brannstasjonane på Ølve og i Rosendal. Stillingane er på 2,06%
Arbeidsoppgåver
Hovudvekt av arbeidsoppgåvene er øvingar i henhald øvingsplan og som innsatsstyrke ved brann og ulukker.
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar: Førarkort klasse C (må ha førarkort klasse B), kompetansebevis for utrykkingskjøring kode 160, utdanning som brannkonstabel deltid eller relevante kurs og erfaring. Søkjarar må bestå fysisk test for røykdykkare og blir godkjent som røykdykkar av bedriftshelsetenesta. Fysisk test vil bli gjennomført under intervju. I tillegg må søkjarar bu i nærleiken av brannstasjonen, slik at dei oppfyller krava til oppmøtetid etter brann- og redningsvesenforskrifta. Søkjarar må beherska norsk både muntleg og skriftleg.
Søkjar må vera villig til å gjennomføre lovpålagd utdanning/kurs, samt anna relevante kurs for stillinga.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Årleg godtgjersle for bæring av radioterminal og løn for øvingar og utrykkingar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Kontaktpersonar:
Øyvind Ousdal
mob: +47 97074594
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Bogsnesvegen 16 5460 Husnes