Ringevikar - Serviceteknikar ved Hjelpemiddellageret
Serviceteknikar ved Hjelpemiddellageret
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune søkjer etter ringevikar til Hjelpemiddellageret. Som ringevikar vil du verta kontaka om vi av ulike årsaker har fråvere som sjukdom, ferieavvikling og liknande.
Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt. Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reperasjonar, utpakking av innkomne varer, reinhald av innleverte hjelpemiddel og liknande. Du som av ein eller anna årsak har ekstra tid og som likar å ta i eit tak, vere fysisk aktiv og ha ein variert arbeidsdag passar perfekt for oss! For å nå fram i vår langstrakte kommune vert det ein god del timar i bil, så trivst du med å køyre bil kan det vere ein fordel.
Du får opplæring og det kan vere føremålstenleg å ta deg fast inn i ein kortare periode for å setje deg inn i arbeidsoppgåvene. Oppmøtestad er Dimmelsvik.
Arbeidsoppgåver
- Utkøyring, montering og service/reperasjonar av hjelpemiddel
- Reinhald av hjelpemiddel
- Halde lageret ryddig og organisert
Kvalifikasjonar og erfaring
- Interesse for og basiskunnskap i praktisk arbeid (reparasjonar ol.) vil vere ein fordel. Har du til dømes ein liten hobbymekaniker i deg kan det vere eit godt utgangspunkt.
- God fysisk helse, det kan verta nokre tunge løft
- Førarkort klasse B, fordel med BE
- Godt norsk språk
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
- Nysgjerrig, engasjert og med evne til å jobbe strukturert
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
03.11.2024
Kontaktpersonar:
Geir Ove Fosse
mob: +47 90694791
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal