Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Miljøarbeidar Rus- og psykiske helsetenester

Miljøarbeidar 50 % fast stilling

Omtale av stillinga 

Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter miljøarbeidar i ved Rus-og psykisk helsetenester, 50 % stilling. 

Arbeidsstad er hovudsaklegHusnes i Oppfølgingstenesta 

Turnus dag/kveld med arbeid kvar 4.helg i langvakter. 

 Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.  

 Tilsetting frå januar 2025. 

 

Kvalifikasjonar 

- Fagbrev som Helsefagarbeidar er ynskjeleg, men ikkje eit krav. 

- Erfaring frå psykiatri og/eller rusomsorg kan vere eit føremon. 

- Førarkort klasse B. 

 

Personelge eigenskapar 

- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  

- Gode evner i relasjonsbygging. 

- Du må vere fleksibel og løysningsorientert. 

- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg. 

 Ved tilsetjing vert det lagt stor vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. 

Menn vert oppmoda til å søkja stillinga. 

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. 

 

Vi tilbyr 

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 

Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 

Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 

Gode arbeidstilhøve. 

Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  

søknaden din. 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §  

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.11.2024

Tiltreding:

2025

Kontaktpersonar:

Ida Dolonen-Marthinussen

mob: +47 91004268

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: