Lærar 100% vikariat Sunde skule - 2. gongs utlysing
Omtale av stillinga
Ved Sunde skule er det ledig kontaktlærarstilling frå 1.1.25.
Stillinga er eit vikariat fram til 31.12.2025 grunna
svangerskapspermisjon og du kjem til ein godt etablert klasse, der du
vil få grundig opplæring i forkant for å sikre ei smidig overdraging og
ein best mogleg oppstart.
Har du utdanning og undervisningskompetanse etter Opplæringslova vil du få tilbod om fast stilling i kommunen etter vikariatet.
Som tiltak for å auke delen faglærde lærarar i grunnskulen i Kvinnherad, kan nytilsette lærarar få eit ekstra rekrutteringstilskot. Nye lærarar/undervisningspersonale med tilsettingskompetanse, tilsett i fast stilling i grunnskulen, får tildelt kr. 50 000,- , i 100% stilling (elles etter stillingsstorleik). Eingongstillegget vil bli gitt mot bindingstid på 2 år.
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i ulike fag
- Klasseleiing
- Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
- Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
- Sikra at elevane får eit godt skuletilbod
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen
Vi treng ein lærar som er kvalifisert til å undervisa i matematikk og norsk.
Personlege eigenskaper
- Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
- Er lærevillig og utviklingsorientert.
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
- Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.11.2024
Tiltreding:
01.01.2025
Arbeidsstad:
Sunde
Kontaktpersonar:
Sindre Nyborg
mob: +47 91582462
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Hamrabrekko 12 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND