Kokk 100% fast stilling
Kokk
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har ei eiga eining for matforsyning som distribuerer mat til institusjonar og bufellesskap i kommunen. Vi treng kokk i 100% stilling. Eininga held til på Husnestunet, og er Kvinnherad sitt "storkjøken" på matlevering. Her arbeider du i lag med fleire kjekke kollegaer, der fokus er kvalitet på leveransar til brukargruppa vår. I tillegg til å produsere middag/bakverk, så har ein catering og selskapsverksemd. Her vil du arbeide i eit pulsersande miljø, med høgt tempo, der kvalitet på det vi leverer er i fokus.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varm og kald mat til institusjonar, bufellesskap heimebuande og kafeteria og noko private arrangement.
- Kjennskap til Normalkost/spesialkost/diettar.
- Pakking og distribusjon av matvarer til dei ulike institusjonane i Kvinnherad kommune.
- Reinhald på arbeidsplassen og anna forfallande arbeid.
- Andre oppgåver kan verte tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk
- Føremon med erfaring i frå institusjonskjøkken
- Kjennskap til produksjons -og næringsmiddelhygiene
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Arbeid på dagtid, måndag til fredag
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Kvinnherad kommune har gratis SFO og reduserte barnehageprisar
Kunne du tenkje deg å leve å bu i vakre Kvinnherad; ein av 8 kommunar i Sunnhordland; sjå film om området vårt her:
https://www.youtube.com/watch?v=USGlf9PozhA
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.11.2024
Tiltreding:
02.01.2025
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Finn Solberg
tlf: +47 91569872
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal