Sjukepleiar, 100% fast i heimetenesta Husnes
Sjukepleiar i heimetenesta Husnes
Omtale av stillinga
Heimetenesta er ein spanande arbeidsstad med mange og varierte utfordringar. Vi har eit godt og pulserande arbeidsmiljø. Vi er gode på internundervisning med fokus på faglig oppdatering. No søkjer vi etter sjukepleiar i 100% stilling. Stillinga er fast, men er knytta til vikarpool. Arbeidet inneber turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Det er moglegheit for langvakter på helg. Oppmøtestad Husnes. Stillinga er ledig omgåande.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære arbeidsoppgåver i heimetenesta
- Sjukepleiefaglege prosedyrar og observasjonar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar. Om me ikkje får kvalifiserte sjukepleiarar, kan ein vurdere å tilsetje helsefagarbeidar i vikariat.
- Søkjar må ha sertifikat klasse B.
- Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du kan vise til erfaring eller utdanning innan eit eller fleire av desse fagområda: omsorgsteknologi, eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar/akuttsjukepleie i kommunane, kvardagsrehabilitering, demens/geriatri, lunge/kols, gastro/stomi, ernæring, smittevern.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
Du må vera fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode evner til kommunikasjon og til å motivere andre
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
- Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Gratis SFO
- Maksprisar i barnehage
- Inga eigedomsskatt
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Tiltreding:
Snarleg
Arbeidsstad:
Husnes
Kontaktpersonar:
Ellen Korsvold
tlf: +47 95768175
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal