Helsefagarbeidar 75 - 100 % fast Bu- og habiitering
Helsefagarbeidar 75 - 100 % fast stilling
Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.
Omtale av stillinga
- Faste stillingar på 75 - 100 % som helsefagarbeidar ved Bu- og habilitering.
- Nattevakt stillingar og vanleg turnus dag/ettermiddag. Stillingane inneber turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg.
Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.
Vi søkjer
- Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
- Ha sertifikat til bil
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
02.03.2025
Kontaktpersonar:
Hilde Bakkebø
mob: +47 97778377
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal