Kvinnherad kommune Bu og habilitering

Helsefagarbeidar 75 - 100 % fast Bu- og habiitering

Helsefagarbeidar 75 - 100 % fast stilling

Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

 

Omtale av stillinga

  • Faste stillingar på 75 - 100 % som helsefagarbeidar ved Bu- og habilitering.
  • Nattevakt stillingar og vanleg turnus dag/ettermiddag. Stillingane inneber turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg. 
  • Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse. 

 

Vi søkjer

  •  Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.  

 

Kvalifikasjonar

  • Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • God munnleg og skriftleg norsk framstilling
  • Ha sertifikat til bil

 

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
  • Ansvarsfull og nøyaktig
  • Sjølvstendig

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

02.03.2025

Kontaktpersonar:

Hilde Bakkebø

mob: +47 97778377

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: