Kvinnherad kommune Halsnøytunet

Pleiemedarbeidar/ helsefagarbeidar 2x 100% vikariat

Helsefagarbeidar/ pleiemedarbeidar 2x 100% vikariat

Omtale av stillinga

Halsnøytunet og Husnestunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og dekker og oppdrag i heimetenesta. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar.   

Halsnøytunet søkjer etter to vikarar i 100 % stilling.  Vi søkjer etter pleiemedarbeidar/helsefagarbeidar. Vikariat vil ha oppstart snarleg, og vikariatet vil vare ut august 2025. Det kan verte moglegheit for forlenging, og stillinga kan gå over til å bli fast. For stillinga er det knytta til særskild oppfølging av ei pasientgruppe, men ein vil vera ein del av ei avdeling, der ein og arbeider med andre brukarar. Ein vil opne opp for ulike turnusløysingar, og stillingsbrøk kan og diskuterast. Det kan bli moglegheit for langvakter, evt å kombinere kveld og einskilde nattevakter. 

For stillinga er det krav om turnusarbeid, med arbeid kvar 3. helg. 

 

 Arbeidsoppgåver

  • Pleieoppgåver av pasientane på avdelingane
  • Ein til ein oppfølging av pasient
  • Miljøarbeid
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
  • Dokumentasjon av tenester

 

Personlege eigenskaper

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert
  • Ha gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skrivftleg og munnleg 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune har inga eigedomsskatt, låge bustadprisar og gratis SFO
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Intern opplæring vil bli gitt

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.12.2024

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Halsnøy

Kontaktpersonar:

Anne Marit Eikemo Ersland

mob: +47 95496908

Anne Tangen Rørdal

mob: +47 90949750

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: