Kvinnherad kommune Sektor omsorg, helse og sosial

Ferievikarar sektor omsorg helse og sosial

Ferievikarar: Pleiemedarbeidar, miljøarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar?

 Lyst å gjera ein forskjell for nokon som treng deg? Er du ung, gamal, energisk med kjappe steg?

Ynskjer du å tene pengar så du er rusta for studentlivet, eller treng du nokre ekstra kroner for å susa i sivet? 

I ferien må fleire hender til, så våre flinke tilsette kan få seg ein kvil. 

Me har ledig arbeid med eldre, rus og psykiatri, men kanskje arbeid med menneskje med funksjonsutfordringar er meir din sti? 

Kjenner du eit kall i høve det å hjelpe til, send ein søknad, så ser me kva me får til. 

  

Einingane i sektoren treng ferievikarar sommaren 2025 - frå kring 20.06.25 til 17.08.25. Det vil vera trong for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, pleiemedarbeidarar, kokk og assistentar i institusjonane og heimetenester. For dei fleste stillingane er det turnusarbeid med arbeid kvar 2.helg, kveld/dagvakter og reine nattevakter. Ein vil leggja vekt på at søkjar er fleksibel og har evne til samarbeid. Tidlegare erfaringar innan feltet er positivt, men intern opplæring vil bli gitt. Me ber om at du i søknaden opplyser kva tidspunkt du er til disposisjon, og dine ynskjer for friperiodar. Dei som kan arbeida i meir enn 5 veker vil bli prioritert. Me tilsett sommarvikarar fortløpande, så ver tidleg ute med søknad. Det er størst behov for vikarar frå 1 juli til 17. august, og dei som kan arbeide i denne perioden vert og prioriterte. Søkjarar bør vera over 18 år. Vi ber deg oppgje i prioritert rekkefølgje kva eining du ynskjer å jobba i. Om du allereie har arbeid i ei eining, så tilrår me å søkje i same eining, då det ikkje vert gitt permisjon for å arbeide ferievikar i anna eining. Etter søkjarfrist den 01.02.2025, så vert søkjarar fortløpande vurdert. 

Førarkort kl. B er naudsynt for ein del av arbeidsfelta.

I år som i fjor, så vil du vera med i trekkinga av festivalpass på dei ulike festivalane i området om du søkjer og takkar ja til sommarjobb i Kvinnherad kommune.

                                                                      https://www.buisunnhordland.no/bu-i-sunnhordland/sunnhordlandsfilmen/ 

Våre arbeidsstader: 

Husnestunet har 3 sjukeheimsavdelingar fordelt på 2 korttidsavdelingar og demensavdeling. Me har ledige ferievikariat på alle dei 3 sjukeheimsavdelingane og nattevakttenesta for institusjon og heimeteneste i Husnesområdet.

Kontaktperson: Anne Tangen Rørdal

Halsnøytunet treng ferievikarar innanfor følgjande avdeling/område: Korttid- og langtidsavdeling, demensavdeling, og nattevakt

Kontaktperson: Anne Tangen Rørdal 

Rosendalstunet har 6 avdelingar fordelt på rehabilitering, korttid,  langtid og demensavdeling. Me har ledig ferievikariat på alle avdelingane og nattevakttenesta for institusjonen og heimetenesta  i Rosendalsområde. 

Kontaktperson: Tone Tufta Gaugstad

Heimetenester har ledig vikariat innan følgjande område: Heimesjukepleie, heimehjelp, BPA og bufellesskap, ordinær turnus og langvakter. Heimetenesta held til i Ølve, i Rosendal, på Husnes og på Halsnøy og har tenester i alle bygdene i kommunen. 

Kontaktperson: Ellen Korsvold.

Bu- og habilitering består av bufelleskap i Rosendal, Uskedalen, Herøysundet og på Husnes. Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, aktivisering og sosial opplæring i daglege gjeremål med vaksne personar med funksjonshemmingar. Har medlevarturnus og turnus med lange vakter. 

Kontaktperson: Hilde Bakkebø.

Rus- og psykiske helsetenester har ledig vikariat som er knytt til oppfølgingstenesta på Husnes og to bufellesskap; Utsikten på Valen og Borgjo i Rosendal. Ordinær turnus, langvakter og medlevarturnus.

Kontaktperson: Linn S. Hellås.

Hovudkjøkkenet Husnestunet treng vikar heile, evt deler av ferien.

Kontaktperson: Finn Ove Solberg.

 

                                                        Free Water Trolltunga photo and picture                       

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.03.2025

Tiltreding:

Juni 2025

Arbeidsstad:

Kvinnherad

Kontaktpersonar:

Anne Tangen Rørdal

mob: +47 90949750

Ellen Korsvold

mob: +47 95768175

Finn Solberg

mob: +47 91569872

Hilde Bakkebø

mob: +47 97778377

Linn Stene Hellås

mob: +47 95960651

Tone Tufta Gaugstad

mob: +47 92457680

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: