Kjekk stilling til ein leikande arbeidsplass
Barnehagelærar/pedagog
Omtale av stillinga
Er du den nye kollegaen vår? Brenn du for den gode barndommen? Ynskjer du å gjera ein forskjell? Vi søker etter kollegaer som har barnet og den gode barndommen i fokus. Satsingsområdet vårt er språk og inkludering, og ein vil arbeide tett på språk i kvardagssituasjonar, kombinert med eit spissa fokus på eit godt psykososialt barnehagemiljø og vaksenrolla(den autoritative vaksne).
I arbeidet vårt med å oppnå målsetjingane våre er leiken, barns medverknad, språk, gode relasjonar, gode felles opplevingar, og den autoritative vaksne rolla (varme og grensesettande vaksne) kjerne element. Vi søkjer etter barnehagelærar i 100% vikariat i frå 1. februar 2025 til og med 14. august 2025, med moglegheit for fast stilling frå august 2025.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
- Inspirera, motivera og rettleia assistentar/fagarbeidarar
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning (førskulelærarutdanning)
Personlege eigenskapar
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
- Er sjølvstendig, lærevillig og utviklingsorientert
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
- Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Generell god helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.01.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
HUSNES
Kontaktpersonar:
Ann Irene Sæle
mob: +47 94845903
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal