Kvinnherad kommune Husnestunet

Sjukepleiar Husnestunet

Sjukepleiar

Omtale av stillinga

Er du sjukepleier og vil vera med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Hos oss er vi opptatt av at tenestene skal vera fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Saman om kvalitet i tenestene. Husnestunet er ein spennande arbeidsstad med varierte oppgåver og utfordringar, samt eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi står i ein omstillingsprosess, som gjer at vi treng fleire dyktige sjukepleiar med på laget. 

På Husnestunet er det to kortidsavdelingar. Den eine avdelinga har 10 plasser, derav to ØH senger, den andre avdelinga har 12 kortidsplassar. Det er og to demensavdelingar med tilsaman 15 senger. 

Arbeidet er i turnus med arbeid kvar 3. helg, men vi ser og på moglegheit med 12 timars vakter kvar 4. helg. I januar 2025 startar vi opp med årsturnus. 

 

 Arbeidsoppgåver

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysningar
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningslinjer og prosedyrar
  • Ha sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og på andre grupper når det er behov for det
  • Jobbe tverrfagleg med ulike profesjonar
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innan sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø

 Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring.
  • Studentar som går siste året på sjukepleiarutdanning vert og oppmoda til å søkja. Ein føresetnad for fast arbeid er autorisert sjukepleiar til våren. 
  • Relevant arbeidserfaring.
  • Gode IT-kunnskapar.
  • Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning; om ein ikkje får kvalifisert søkjar kan ein vurdera helsefagarbeidar til stillinga, då i eit vikariat.

 Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Likar utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar med ulike behov, på ein verdig og respektfull måte
  • Handtere tidvis travle periodar og hlgt tempo

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gratis SFO og reduserte barnehageprisar
  • Inga eigedomsskatt
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.12.2024

Tiltreding:

27.01.2025

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Siv Kristin Handeland

mob: +47 90568941

Adresse:

Rosendalsvegen 10 0000 Rosendal

Kart: