Kvinnherad kommune Bringedalsbygda oppvekstsenter

Bringedalsbygda barnehage - Barnehagelærar/Fagarbeidar 100% mellombels 2.gongs utlysing

Omtale av stillinga 

 Bringedalsbygda barnehage søkjer etter barnehagelærar/fagarbeidar i 100% mellombels stilling fram til 14.08.2025. Tilsetjing snarast.

Bringedalsbygda barnehage består av tre avdelingar, med born i alderen eitt til fem år. Den ledige stillinga er for born frå tre til fire år.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdelinga i nært samarbeid med pedagogisk leiar
  • Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Inspirera, motivera og rettleia assistentar/fagarbeidarar

 

Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning (førskulelærarutdanning)

 

Personlege eigenskapar

  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
  • Er sjølvstendig, lærevillig og utviklingsorientert
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
  • Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Generell god helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar


Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.01.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Bringedalsbygda

Kontaktpersonar:

Nina Bernhardsen

mob: +47 48130647

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: