Kvinnherad kommune Barn og familie

Fagarbeidar/helgevaktstilling 18,3% fast - Villatoppen Avlastningsbustad

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekstEininga er delt inn i seks avdelingarbarnevernhelsestasjon, PPT, avdeling Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter  Husnes. 

Omtale om stillinga 

Eining Barn og familie har ledig fagarbeidar-/helgevaktstilling 18,3% fast ved Villatoppen avlastningsbustad for snarleg tilsetting. Stillinga inngår i turnus. 

Villatoppen har ansvar for iverksetting av ulike avlastingstiltak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester for barn og unge under 18 år. Barna treng tett oppfølging og hjelp. 

Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelpaktivisering og fritidsaktivitetarOpplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene som er aktuelle for stillinga. 

Søkjar  vere over 18 år og ha sertifikat for bil. 

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar 

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.  

  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert. 
  • Du  ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 
  • Du  ha gode kunnskapar i norskbåde skriftleg og munnleg 
  • Er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom 

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 
  • Pensjonsordningulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenestelova § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

29.01.2025

Tiltreding:

Snarleg tilsetting

Arbeidsstad:

Villatoppen avlastningsbustad

Kontaktpersonar:

Jannice Rasmussen

mob: +47 95245720

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: