
Spesialpedagog i barnehagane 100% fast
Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehagane for tilsetting frå 01.08.25.
Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp og har ei utøvande og veiledande rolle innan spesialpedagogisk arbeid.
Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Styrar i den enkelte barnehage er spesialpedagogen sin næraste leiar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år. Spesialpedagogane vil ha ein koordinator i PPT som har ansvar for rekruttering og oppfølging ved langtids sjukefråvær, i tett samarbeid med styrarane. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 6. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over detta vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i to barnehagar. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.
Arbeidsoppgåver
- Er ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen
- Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå
- Observasjon og kartlegging
- Rettleiing på individ- og systemnivå
- Styrking av det systematiske språkarbeidet.
- Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova.
- Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar.
- Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse.
Personlege eigenskaper
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
- Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon
- God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
- Eigna for arbeid med barn og foreldre
- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
- Evne til fleksibilitet og endringsvilje
- Krev gode norskkunnskapar
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Å kunne arbeide tverrfagleg
Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov.
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Rettleiing.
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Kvinnherad kommune har gratis SFO.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
16.03.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Barnehagane i Kvinnherad
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Sentrumsvegen 29 5460 Husnes