
Konsulent i frivilligsentralen - 100% fast
Vil du bli med og gjere ein skilnad i lokalsamfunnet?
Frivilligsentralen søkjer etter eit engasjert og kreativ menneske som vil vere med å styrke fellesskapet og sikre at alle barn og unge har moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar. Du vil bli ein del av eit raust og engasjert team. Di viktigaste oppgåve blir å innføre fritidskortet i Kvinnherad.
Kva er frivilligsentralen?
Frivilligsentralen er ein møteplass for frivilligheit, der vi koplar saman menneske som ønskjer å bidra, med dei som treng hjelp eller støtte. Vi skal vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor som skal jobbe for å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn gjennom aktivitetar, prosjekt og samarbeid med frivillige organisasjonar og lokale aktørar. I Kvinnherad har vi to frivilligsentralar som saman jobbar for å gje innbyggjarane eit breitt og tilpassa tilbod. Begge sentralane er ein del av det same engasjerte teamet og vi legg vekt på å halde eit godt miljø på arbeidsplassen.
Kva er fritidskortet?
Fritidskortet er eit tilbod til barn og unge som gjev økonomisk støtte til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. Målet er å sikre at alle, uavhengig av økonomisk situasjon, har moglegheit til å vere med på aktivitetar som fremjar læring, vennskap og meistring. I Kvinnherad er fritidskortet ein viktig del av arbeidet med å skape eit inkluderande og aktivt lokalsamfunn, der vi legg til rette for at flest mogleg barn og unge kan delta i aktivitetar som gjev glede og meistring.
Kva er BUA?
BUA er ei utlånsordning der du kan låne utstyr til sport og friluftsliv heilt gratis. Gjennom BUA ønsker vi å gjere det enklare for alle å vere aktive og prøve nye aktivitetar utan å måtte kjøpe dyrt utstyr. I Kvinnherad har vi to BUA - sentralar som er tilgjengelege for innbyggjarane, og desse er ein viktig del av vårt arbeid for å fremje aktivitet og deltaking i lokalsamfunnet.
Som ein del av teamet hos frivilligsentralen vil du:
- Jobbe med å implementere og utvikle fritidskortet for barn og unge i Kvinnherad. Dette inkluderer informasjon til familiar, oppfølging av søknader og samarbeid med frivillige organisasjonar , kommunale tenester og lokale aktørar for å sikre at flest mogleg barn og unge kan delta i organiserte fritidsaktivitetar.
- Administrere arbeidet med BUA og utvikle dette til eit endå betre tilbod for lokalsamfunnet.
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar, prosjekt, tilbod og arrangement som engasjerer lokalsamfunnet saman med resten av teamet i frivilligsentralen.
- Bygge og styrke nettverk mellom frivillige, lag og foreiningar, og lokale aktørar.
- Inspirere og motivere frivillige til å bidra med si tid og sine ressursar.
Vi ser etter deg som:
- Brenn for frivilligheit og har eit ope og inkluderande menneskesyn.
- Har erfaring frå prosjektarbeid, organisasjonsarbeid eller frivilligheit.
- Er ein dyktig relasjonsbyggjar med gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Trivst med å skape struktur i ein variert og spennande kvardag.
- Er kreativ, løysingsorientert og har gjennomføringsevne.
- Har gode digitale ferdigheiter
- God fleirkulturell forståing
- Har relevant utdanning, kompetanse eller erfaring innan til dømes folkehelse, integrering, barne og ungdomsarbeid, pedagogikk, sosialt arbeid og frivilligheit.
- Personlege eigenskapar vert monaleg vektlagt.
Kva kan vi tilby?
- Ein meiningsfull jobb der du får moglegheit til å gjere ein positiv skilnad i andre sitt liv.
- Eit dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø med mykje latter og varme.
- Du blir ein del av eit raust og engasjert team.
- Variert arbeid og moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag.
- Fleksibel arbeidstid basert på arbeidsplan, der noko kveld- og helgearbeid må påreknast.
- Kontorplass både i Rosendal og på Husnes.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppeforsikring gjennom Kommunal Landspensjonskasse.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med Hovudtariffavtalen og Arbeidsmiljølova.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.02.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Husnes/Rosendal
Kontaktpersonar:
Veronica Thorsen
mob: +47 90076543
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal