Sommarjobb på Turistinformasjonen
Bli turistvert i sommar!
På turistinformasjonen treng vi ein turistvert som vil vera eit godt vertskap for besøkande som kjem til Kvinnherad i sommar. Turistane som kjem innom oss lurar på kva dei kan oppleve i kommunen, og turistverten sin jobb er å hjelpe turistane med det dei lurar på.
Arbeidsoppgåvene som turistvert inkluderar:
Å hjelpe turistar på turistinformasjonen.
Ha tilsyn ved Skaalurensamlinga og bidra med formidling om samlinga.
Billettsal til utstillinga på Folgefonnsenteret og Skaalurensamlinga.
Sjå til at lokalet er ryddig innandørs og utandørs.
Ha tilsyn ved kaiområdet og terminalbygget (til dømes sjå til at terminalbygget og kaiområdet er ryddig for søppel).
Det er størst behov for turistvertar i juli, men heile skuleferien er aktuell.
I søknaden ber vi om at du skriv:
Kva tidsperiode du kan jobbe i
Om det er datoar i løpet av sommaren der du ikkje er tilgjengeleg
Arbeidstid vil vera innanfor opningstidene kl. 10-18, med arbeid minst kvar 3. helg.
Arbeidsstad er på turistinformasjonen som er lokalisert på Folgefonnsenteret i Rosendal.
Søkjarar frå 16 år vil verta vurderte.
Lønn etter tariff.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.02.2025
Tiltreding:
Juni 2025
Arbeidsstad:
Rosendal
Kontaktpersonar:
Helene Olderkjær Lillebø
mob: +47 41237176
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal