Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Sommarvikar - Avdeling byggesak og geodata

Vi søkjer

Er du student, nyutdanna eller ønskjer å teste noko nytt? Vi har sommarjobb på avdeling for byggesak og geodata.

Til Sektor samfunnsutvikling søkjer vi etter sommarvikar i perioden 1.juni - 31.august. Stillinga ligg til Avdeling byggesak og geodata, og er del av eit fagfellesskap med medarbeidarar innan bygge- og delingssak, oppmåling, miljøretta helsevern og eigedomsskatt.

Arbeidsoppgåver

Telefonvakt

Mottakskontroll av byggesaker

Kundekontakt og rettleiing

Oppfølging av meldingar om forureining og forsøpling

Saksbehandling etter plan- og bygningslova

Andre oppgåver innanfor avdelinga sitt arbeidsområde etter behov

Arbeidsstaden er Kvinnherad rådhus, Rosendal.

Kvalifikasjonar

Du har erfaring innan fleire fagfelt og er tilgjengeleg for arbeid i perioden som er utlyst. Her kan ein vere noko fleksibel på tidlegare/seinare oppstart om det passar med ferieavvikling for avdelinga.

Interesse for offentleg forvaltning / plan og bygningslova vil bli vektlagt.

Erfaring er positivt, men ikkje naudsynt.

Førarkort vil vere positivt, men er ikkje eit krav.

Evne til å setja seg inn i nye oppgåver.

Du må kunne planleggja og disponere tida godt.

Personlege eigenskaper

Ansvarsfull og nøyaktig

Serviceinnstilt

Fleksibel 

Gode digitale ferdigheiter

Sjølvstendig

Det vil bli gitt naudsynt opplæring. Arbeidet krev god organisering og høg grad av sjølvstendig arbeid. Personlege eigenskapar vil difor vege tungt i vurderinga.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.03.2025

Tiltreding:

01.06.2025

Arbeidsstad:

Rosendal

Kontaktpersonar:

Synnøve Handeland

mob: +47 40404973

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: