
Nestleiar i barnevernet 100% fast
Omtale av stillinga
Eining Barn og familie søkjer etter nestleiar i barnevernet 100% fast for snarleg tilsetting. Nestleiar vil i tillegg til arbeidet som sakshandsamar vera samarbeidspartner for leiar og rettleiar for tilsette i barnevernet. I leiar sitt fråvær vil nestleiar ha fullmakt etter lov om barnevern.
Til dette treng vi ein fagleg dyktig medarbeidar som er trygg i rolla og har overskot til å stå i krevjande situasjonar. Samtidig må du ha perspektiv ut over eigen profesjon og kunna sjå verdien av å samarbeide på tvers av fag og sektorar.
Barnevernstenesta er organisert i eining Barn og familie. Barnevernstenesta er i dag inndelt i fire team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Vi har 18 tilsette og barnevernleiar. Kommunen har barnevernvaktordning, der tilsette går inn i vaktordninga. Barneverntenesta er stadig i utvikling og endring, og dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spennande arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi er ei teneste med et godt arbeidsmiljø og brei fagleg kompetanse. Barneverntenesta er utviklingsorientert og har dei siste åra starta fleire faglege prosjekt. Desse bidreg til fokus på å levere gode, faglege tenester og hjelpetiltak. Tilsette får opplæring i samtalar med barn.
Arbeidsoppgåver
- Delta i leiargruppa i barnevernet
- Stedfortredar for barnevernleiar
- Sakshandsaming og avgjerder etter barnevernlova
- Samarbeid med andre hjelpeinstansar
- Teamkoordinator
- Rettleiing av tilsette
- Møte som partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda, samt andre rettsinstansar
- Delta i barnevernvaktordning
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
- Det må påreknast noko reiseverksemd og ettermiddags- og kveldsarbeid.
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, men andre med 3-årig relevant høgskuleutdanning kan vurderast då gjerne saman med erfaring frå kommunal barnevernsteneste
- Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste
- Relevant vidareutdanning innan barnevern vert vektlagt
- Leiarerfaring
- Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
- Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt
- Gode norskkunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- stort engasjement for barnevernsarbeid
- evne til å engasjera og motivera medarbeidarar
- løysings- og samarbeidsorientert
- aktiv haldning til samarbeid med andre hjelpeinstansar
- evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
- eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil.
Vi tilbyr
- Fagleg utfordingar i eit hyggeleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Intern og ekstern rettleiing
- Aktiv deltaking i utvikling av tenesta
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
19.03.2025
Tiltreding:
Snarleg tilsetting
Arbeidsstad:
Husnes tenestesenter
Kontaktpersonar:
Randi Pedersen
mob: +47 45288088
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Sentrumsvegen 29 5460 Husnes