
Pensjonist i arbeid
Er du pensjonist og ynskjer å fylle kvardagen din med å bidra for andre. Då ønsker vi deg som kollega.
Rosendalstunet, Husnestunet og Halsnøytunet søkjer etter pensjonistar som ynskjer å ta ekstravakter. Du merkar i søknaden kva institusjon du ynskjer å jobbe på.
Vi ser etter deg som har litt tid til overs, har god helse og eit ynskje om å bidra til ei god kvardag for våre bebuarar. Helsefagleg bakgrunn er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har eit varmt hjarte og eit ynskje om å gjere ein forskjell.
Tilsetjing kan skje fortløpande gjennom søknadsperioden.
Vi tilbyr
- Fleksible arbeidstider
- Eit inkluderande og hyggeleg arbeidsmiljø
- Moglegheita til å bidra med di erfaring og kompetanse
- Løn for pensjonistar i arbeid er frå 01.01.25 Kr 258,- pr time
Arbeidsoppgåver:
- Assistere bebuarar med daglege gjeremål
- Bidra til eit trygt og godt miljø for bebuarane
- Samarbeide med kollegaar og pårørande for å sikre best mogeleg omsorg
- Utføre oppgåver i tråd med gjeldande retningslinjer
Kvalifikasjonar:
- Ynskje om å jobbe med eldre
- Fleksibel, løysingsfokusert og tilpassingsdyktig
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- IT kompetanse
- Norsk- munnleg og skrifteleg språk
Er du interessert?
Ta kontakt med oss for meir informasjon og ein uforpliktande prat.
Rosendalstunet Tone Tufta Gaugstad: tone.tufta.gaugstad@kvinnherad.kommune.no eller tlf 92457680
Husnestunet og Halsnøytunet Anne Tangen Rørdal: anne.rordal@kvinnherad.kommune.no eller tlf 90949750
Søknadsfrist: 30.03.2025
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
30.03.2025
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal