
Avdelingsleiar Halsnøytunet
Avdelingsleiar sjukeheim Halsnøytunet 100% fast stilling
Er du ein av våre nye avdelingsleiarar?
Institusjonstenesta i Kvinnherad er organisert som ei eining og er lokalisert på 3 Tun. Husnes og Halsnøytunet har til saman 54 institusjonsplassar. 17 av desse er på Halsnøytunet ( demens , langtid og avlastning) Natt tenesta er felles og yt og tenester i heimen.
Leiarteamet består av 5 avdelingsleiarar og institusjon leiar. Organiseringa er i stadig endring og me jakter no etter medarbeidarar som vil være med å utvikle morgondagens sjukeheimstilbod.
Vi søker en engasjert og kompetent avdelingsleiar til dei 17 institusjonsplassane på Halsnøytunet. Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for dagleg drift, leiing av 2 personalgrupper og fagleg utvikling . Du vil jobbe tett med både tilsette, samarbeidspartar og leiarteam for å sikre et trygt og godt miljø for tilsette og pasientar. Søkar må ha være offentleg godkjent sjukepleiar / vernepleiar og det er ein fordel med vidareutdanning innanfor demens eller geriatri.
Stillinga er lokalisert på Halsnøytunet
Oppgåvedeling og organisering i leiarteamet vil verte endeleg utarbeida ut frå kompetanse til den som vert tilsett.
Arbeidsoppgåver
Leie og utvikle avdelingane i tråd med kommunen sine mål og strategiar.
Sikre høg kvalitet og kontinuerleg forbetring av tenestene.
Personalansvar for avdelingane sine tilsette, inkludert rekruttering, opplæring og oppfølging.
Samarbeide med interne og eksterne aktørar for å sikre heilskaplege tenester.
Oppfølging av budsjett og økonomi .
Stadfortreder funksjon for kvarandre
Kvalifikasjonar:
Helsefagleg utdanning på bachelor nivå
Leiarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
God kjennskap til lovverk og retningslinjer innan fagområdet.
Ønskjeleg med kunnskap innan turnusarbeid.
Evne til å inspirere og motivere medarbeidarar.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Godt norsk munnleg og skritleg språk.
Generell god IT kompetanse, evne til å nytte nye system
Vi tilbyr:
Spennande og utfordrande leiarstillingar i ein dynamisk organisasjon.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
Er du klar for å ta utfordringa? Send din søknad og CV innan 20.03. 2025.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar vil tilsetting i vikariat bli vurdert.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25.
Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.03.2025
Kontaktpersonar:
Anne Tangen Rørdal
mob: +47 90949750
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal