Kvinnherad kommune Sunde skule

Einingsleiar/rektor Sunde skule

Sunde skule har frå 01.08.25 ledig stilling som rektor/einingsleiar. Skulen har 79 elevar i 1. - 7. trinn, 11 lærarar og 4 assistentar. Skulen er organisert med rektor, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og etablert ressursteam. Einingsleiar er ein del av Sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam.

Skulen ligg nær opp til Sunde barnehage i bygda Sunde, om lag 4 km frå Husnes.
Bygda har sterk lokalhistorisk tradisjon innan båtbygging, segling og fiske og skulen har eigne undervisningsopplegg i kystkultur.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for den daglege drifta av skulen, pedagogisk arbeid, utvikling- og kvalitetsarbeid, personal- og økonomiansvar. Legge til rette for medverknad, samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod.

Vi ønskjer ein leiar som har følgjande kvalifikasjonar

  • relevant høgskule- og/eller universistetsutdanning innan pedagogikk
  • leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi legg vekt på følgjande personlege eigenskapar

  • engasjemenet for elevane sine resultat og trivsel
  • evne til å inspirerer og drive ein lærande organisasjon
  • inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Vidareutdanning i leiing - rektorskulen
  • Fellesskap i kommunen sitt leiarteam og fagleg nettverk
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP/SPK
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.  Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 a og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.05.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Sunde

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hamrabrekko 12 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND

Kart: