Kvinnherad kommune Barn og familie

Avdelingsleiar Familiestøtte 100% fast

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekstEininga er delt inn i seks avdelingarbarnevernhelsestasjon, PPT, avdeling Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter  Husnes. 

Omtale av stillinga

Kan du tenkja deg å delta i eit viktig utviklingsarbeid i Kvinnherad kommune?  

Eining Barn og familie har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved avdeling Familiestøtte for snarleg tilsetting. 

I Kvinnherad kommune er dei fleste hjelpetenester til barn, unge og deira familiar samla hos Eining Barn og familie. Einingsleiar vert avdelingsleiar sin næraste overordna.  

Familiestøtte består av to ulike team. Ungdomsteamet med ungdomslos, utekontaktar og ungdomsleiarar som driftar dei to ungdomsbasane i kommunen er eit team med ansvar for lågterskeltilbodet til ungdom i kommunen. Avdelingsleiar må rekne med å jobbe noko kveld og helgearbeid for å gje god støtte og rettleiing til dei tilsette i teamet.  

Frå hausten av, vil sakshandsaming etter Helse –og omsorgstenestelova for barn, unge og deira familiar vere del av avdelinga saman med tiltakskonsulent som sett i verk avlastande vedtak om støttekontakt og avlastingsheimar både etter helse og omsorgstenestelova og barnevernlova, samt følger opp alle tilsynsførarar i kommunen. Desse vil utgjere helse og omsorgsteamet.  

Avdelingsleiar vil også vere kommunen sin SLT-koordinator og ha ansvar for å drifte det kommunale SLT-arbeidet (Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak). Dette er eit systematisk samarbeid mellom offentlege og private instansar. Gjennom felles målretta tiltak skal ein arbeide førebyggande for å redusere rusmiddelbruk og kriminalitet bland barn og unge. Ordninga har til hensikt å utnytte eksisterande tiltak og ressursar mest mogeleg effektivt, og legg opp til eit nært og uforpliktande samarbeid mellom kommune, politi/lensmannsetat og private aktørar.  

Viktige fokusområde i avdelinga er tverrfagleg samarbeid og vidareutvikling av førebyggande arbeid og  lågterskeltilbod for barn og unge i kommunen. Medarbeidarane i tenesta er ein viktig ressurs for oppgåvene som skal utførast.  Det er av den grunn sentralt å sikre fagleg rettleiing, eit godt arbeidsmiljø og trivsel i tenesta. Å søke midlar for å gjennomføre forskjellige arrangement og tenesteutvikling er ein viktig del av oppgåvene i avdelinga. Avdelingsleiar vil som fagleg og administrativt ansvarleg for avdeling Familiestøtte, vera ein viktig ressurs i dette arbeidet.  

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har ansvar for:

  • Økonomi, personal- og fagansvar
  • Planlegging, koordinering og drift av avdelinga
  • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling
  • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon
  • Sikre naudsynt rettleiing av tilsette i avdelinga
  • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova
  • Drifte det kommunale SLT-arbeidet 
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Vi søkjer medarbeidar med 3 årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, men andre med relevant utdanning kan og søkja. Det er og ynskjeleg at den som søkjer har relevant vidareutdanning, gjerne innan for administrasjon og leiing.

  • Erfaring frå tilsvarande stilling vil bli vektlagt 
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning
  • Leiarerfaring 
  • Kjennskap til offentleg forvaltning 
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vert vektlagt 
  • Sakshandsaming Helse- omsorgstenestelova
  • Spennande oppgåver i ei førebyggande hjelpeteneste i stor utvikling
  • Eit spanande arbeid med utfordringar og moglegheiter
  • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling, der ein har høve til å påverke drift og utvikling innanfor rammene
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Førarkort klasse B 

  Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing 
  • Evne til å leia og motivera medarbeidarar 
  • Engasjement for førebyggjande arbeid 
  • God organisasjonsforståing 
  • Utviklingsorientert, målretta og resultatorientert 
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Er imøtekommande og har utprega evne til å skape tillit og gode relasjonar 
  • Har gode samarbeidsevner, god kommunikasjonskompetanse, er strukturert og har ansvarsforståing 
  • Fleksibel, kreativ og løysingsorientert 
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid 
  • Krev gode norskkunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • God digital kompetanse

  Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil. 

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen 
 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltreding:

Snarleg tilsetting

Arbeidsstad:

Husnes tenestesenter

Kontaktpersonar:

Randi Pedersen

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 45288088

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: