Kvinnherad kommune

Fagarbeider/assistent 150 % fast

Fagarbeider/assistent

Ved Malmanger skule er det ledig stilling som fagarbeidar/assistent i inntil 150% fast stilling.  Stillingsprosent kan drøftast. Det er behov i skule og  SFO. Oppstart 1. august 2025.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
  • Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
  • Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga
  • SFO

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge

 

Personlege eigenskapar

  • Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksen
  • Du er sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeida i team
  • Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
  • Du er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
  • Du deltek aktivt ilag med borna, både inne og ute
  • Du har høg relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

06.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Malmanger skule

Kontaktpersonar:

Kjersti Berge

mob: +47 41557425

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: