Kvinnherad kommune Aktivitet og rehabilitering

Ferievikariat/ringevikar ved Hjelpemiddellageret

Ferievikariat Hjelpemiddellageret

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune søkjer etter vikar til Hjelpemiddellageret i sommar. Grunna opplæring er det trong for nokon som kan starte opp i stillinga snarleg og søkjarar vil kunne bli kontakta fortløpande. Vikariat er aktuelt frå og med midten av mai og ut sommaren. Det kan også bli aktuelt å bli nytta som ringevikar i perioden etter.

Som serviceteknikar tek du del i hjelpemiddelformidling lokalt. Ein typisk arbeidsdag består vanlegvis i utkøyring og montering av hjelpemidlar, mindre reparasjoner, utpakking av innkomne varer, reinhald av innleverte hjelpemiddel og liknande. Du som av ein eller anna årsak har ekstra tid og som likar å ta i eit tak, vere fysisk aktiv og ha ein variert arbeidsdag passar perfekt for oss!

Oppmøtestad er Dimmelsvik.

Arbeidsoppgåver 

  • Utkøyring, montering og service/reperasjonar av hjelpemiddel 
  • Reinhald av hjelpemiddel
  • Halde lageret ryddig og organisert

 

Kvalifikasjonar og erfaring

  • Interesse for og basiskunnskap i praktisk arbeid (reparasjonar ol.) vil vere ein fordel. Har du til dømes ein liten hobbymekaniker i deg kan det vere eit godt utgangspunkt.
  • Erfaring i liknande type oppgåver
  • God fysisk helse, det kan verta nokre tunge løft
  • Førarkort klasse B, fordel med BE
  • Godt norsk språk

 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, men likar å samarbeide med andre
  • Ryddig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

 Vi tilbyr:

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.05.2025

Kontaktpersonar:

Geir Ove Fosse

mob: +47 90694791

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: