
Trivselvaktmeister - 2 x 100 % stilling
Trivselvaktmeister
Vil du vere med å skapa trivsel og tryggleik for menneske som treng det mest?
Vil du vere ein kvardagshelt i arbeidskle?
Er du typen som fiksar ting før folk rekk å spørje? Som kan få både lyspærer og folk til å lyse opp? Ser du på deg sjølv som ein «handyman» med eit varmt hjarte og glimt i auga?
Då bør du lesa vidare – for me har to spanande stillingar for deg!
Kvinnherad kommune har to ledige prosjektstillingar som trivselvaktmeisterar. Stillingane er organisert under rus og psykiske helsetenester, men du vil arbeida på tvers av avdelingar og sektorar. Målgruppa er menneske med rusutfordringar og/eller psykiske lidingar.
Stillingane er prosjektbaserte og kan ha ei varigheit på inntil 4 år, med moglegheit for forlenging. Det må påreknast noko ettermiddagsarbeid.
Arbeidsoppgåver:
Bistå ved inn- og utflytting i kommunale bustader
Enkelt reinhald og rydding i og rundt bustader saman med brukar
Brannsikring og tilsyn med tekniske installasjonar
Utføra småreparasjonar og praktiske oppgåver
Miljøarbeid, bidra til trivsel og tryggleik i bumiljøa
Råd og rettleiing til brukara som treng hjelp til å meistra å bu
Samarbeida tett med fagpersonell og andre kommunale tenester
Kvalifikasjonar:
Praktisk erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig
Evne til å skapa tillit og tryggleik i møte med menneske i sårbare livssituasjonar
Førarkort klasse B , ønskeleg med BE
Personlege eigenskapar:
Du er løysingsorientert, påliteleg og har eit inkluderande menneskesyn
Du trivst med varierte arbeidsdagar og har god evne til å tilpassa deg ulike situasjonar
Du har eit hjarte for menneske og ønskjer å bidra til eit betre kvardagsliv for andre
Høg relasjonskompetanse
Dette får du:
Eit meiningsfullt arbeid der du verkeleg gjer ein forskjell
Varierte dagar – ingen dag er lik
Moglegheit til å vere med å forme ei ny rolle
Ein kommune som satsar på menneske, både tilsette og brukarar
Kollegaer som ser deg og heiar på deg
Fleksibel arbeidstid
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.05.2025
Kontaktpersonar:
Linn Stene Hellås
mob: +47 95960651
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal