Kvinnherad kommune Bu og habilitering

Vernepleiar 2 x 100% fast Bu- og habilitering

Vernepleiar stillingar med lange vakter

Bu- og habilitering er ei eining i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsvariasjonar. Målet for eininga er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.

Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.

 

Omtale av stillingar

  • 2 faste vernepleiar stillingar på 100 % som er ledige frå 1. september 2025.
  • Arbeidsstad bufelleskap i Herøysund og Uskedalen.
  • Arbeidstida er turnusarbeid med lange vakter (14 timar) og arbeid 4. kvar helg.
  • Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, sosial trening og opplæring i daglege gjeremål. Stillinga er tillagt fagleg ansvar knytta til kartlegging og planlegging av vedtak for brukarane.

       Ved intern rekruttering, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetja i desse stillingane frå same søkjarmasse.

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar. Andre med 3- årig høgskuleutdanning innan helse eller pedagogiske fag, samt relevant erfaring kan bli vurderte.

           Søkjarar må ha sertifikat på bil

 

  Eigenskapar

  • Fleksibel og løysningorientert
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeide sjølvstendig og samarbeiede med andre
  • Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
  • Kunna takla utfordrande adferd.

 

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
 
Søknad vert å senda 
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).  
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje  
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta  
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje  
søknaden din. 
 
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. 
 
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

02.06.2025

Kontaktpersonar:

Hilde Bakkebø

mob: +47 97778377

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: