Kvinnherad kommune Vaksenopplæring

Lærarvikariat 100 %, Vaksenopplæringa

Lærar 100 %

Vaksenopplæringa har i skuleåret 25/26 ledig vikariat som lærar i 100% undervisningsstilling, svangerskapsvikariat. 

Skulen har rundt 80 elevar, samt 10 lærarar og rektor. Vaksenopplæringa har undervisning for innvandrarar i norsk, i tillegg til FOV, Førebuande Opplæring for Vaksne.

Skulen ligg sentralt på Husnes, i bygget Aksen/Husnes tenestesenter. God offentleg transport til/frå Husnes.

Kommunen er ein nynorskkommune, og undervisninga er på nynorsk.

Vaksenopplæringa i Kvinnherad sitt mål er å gjera elevane i stand til å meistra vidare utdanning og delta aktivt i samfunns- og arbeidslivet. Arbeidsmiljøet er inkluderande og engasjerande.

Vi ønsker at søkjar har eit personleg engasjement og interesse for fagområdet.

Arbeidsoppgåver

  • Norskundervisning av vaksne innvandrar på dagtid, og evt. kveld.
  • Kan også undervise i FOV.
  • Planlegge, gjennomføre og leie klasseromundervisning ut frå læringsmål og kompetansemål, i det enkelte fag sine læreplan.
  • Vere ei støtte for elevane i læringsutviklinga og kunne tilpasse enkeltindividet.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant lærarutdanning.
  • Vidareutdanning innan andrespråkspedagogikk.
  • Gode nynorskkunnskapar og kunnskap om språk.
  • Evne til fleksibilitet og samarbeid
  • Gode IT-kunnskapar er ein fordel.
  • Relevant erfaring frå undervisning i vaksenopplæring.

 

Personlege eigenskapar

  • Engasjert for elevane sine resultat og trivsel.
  • Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
  • Løysingsorientert, strukturert og fleksibel.
  • Er lærevillig og utviklingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner og møter kollegaer og elevar med respekt og forståing.
  • Positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege ferdigheiter og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø.
  • Høg relasjonskompetanse.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver.
  • Fellesskap og gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP/SPK.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
  • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attestar tar ein med på evt. intervju).

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Vaksenopplæringa i Kvinnherad

Kontaktpersonar:

Birte Charalambous

mob: +47 48124284

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: