Kvinnherad kommune Reinhald

Reinhalder 100% vikariat

Eining for reinhald er ein del av sektor Teknikk og miljø, og har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har ansvar for reinhaldet på kommunale bygg. Eininga har kontor ved Husnes vassverk, men reinhaldsoperatørane utfører arbeidet sitt ute på dei ulike kommunale bygga.


Omtale av stillinga

Vi søkjer etter vikar for reinhaldar i 100 % stilling for perioden 01.08.2025-01.02.2026. Det kan vera høver for fast tilsetjing etter vikariatets slutt. Stillinga vil ikkje vera knytt til eit spesielt bygg, men må rekna med å utføra reinhaldstenester fleire plasser i kommunen. Den tilsette må pårekna å utføra tyngre periodiske oppgåver knytt til reinhald. Stillinga passar for deg som trives med fysisk arbeid og varierte arbeidsoppgåver.

Vi søkjer person som har:
• fagbrev innan reinhald
• relevant praksis/ erfaring som etter vurdering kan kompensera for kravet om realkompetanse
• kan nytta digitale flater som t.d. teams, e-post og webbaserte system 
• kan kommunisere på norsk
• evne til å vera fleksibel og serviceorientert
• høg arbeidskapasitet, arbeide nøyaktig og systematisk
• evne til å jobba sjølvstendig og i team
• sertifikat klasse B


Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

• Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
• Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
• Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø

Søknad vert å senda :
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

24.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Kvinnherad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: