
Barnevernkurator/kontaktperson 100% vikariat
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Omtale av stillinga
Barneverntenesta i Kvinnherad har ledig 100% vikariat som barnevernkurator /kontaktperson frå snarleg tilsetting og fram til 15.08.26 med mogleg forlenging.
Barnevernstenesta er organisert i eining Barn og familie. Barnevernstenesta er i dag inndelt i fire team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Vi har 18 tilsette og barnevernleiar. Kommunen har barnevernvaktordning, der tilsette går inn i vaktordninga. Barneverntenesta er stadig i utvikling og endring, og dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spennande arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi er ei teneste med et godt arbeidsmiljø og brei fagleg kompetanse. Barneverntenesta er utviklingsorientert og har dei siste åra starta fleire faglege prosjekt. Desse bidreg til fokus på å levere gode, faglege tenester og hjelpetiltak. Tilsette får opplæring i samtalar med barn.
Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
- Sakshandsaming etter barnevernlova
- Undersøking av bekymringsmeldingar
- Oppfølging av barn og unge og deira familiar
- Samarbeid med andre hjelpeinstansar
- Utarbeide og følgje opp planar og tiltak
- Journalføre og dokumentere via fagsystem
- Møte som partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda, samt andre rettsinstansar
- Delta i barnevernvaktordning
- Det må påreknast noko reiseverksemd samt ettermiddag- og kveldsarbeid
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, men andre med 3-årig relevant høgskuleutdanning kan og søkja
- Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste
- Relevant vidareutdanning vert vektlagt
- Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
- Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt
- Gode norskkunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
- God samarbeidsevne, god kommunikasjon og evne å vere ein relasjonsbyggjar
- Trivast å arbeide med foreldre, barn og ungdom
- Kan handtera arbeidspress og stor arbeidsmengde
- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
- Evne til fleksibilitet og endring
- Vere opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil. Eininga har i tillegg bilar til disposisjon.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.06.2025
Tiltreding:
Snarleg tilsetting
Arbeidsstad:
Husnes tenestesenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.kvinnherad.kommune.noAdresse:
Sentrumsvegen 29 5460 Husnes