Kvinnherad kommune Barn og familie

Vernepleiar 100% fast - Villatoppen Avlastningsbustad

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter. 

Omtale av stillinga

Er du vår nye vernepleiar?

Eining Barn og familie har ledig 100% fast stilling som vernepleiar ved Villatoppen avlastningsbustad for snarleg tilsetting. Stillinga inngår i turnus 3. kvar helg.

Villatoppen har ansvar for iverksetting av ulike avlastingstiltak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester for barn og unge under 18 år. Her kjem barn og unge på avlastning. Barna treng tett oppfølging og hjelp. Vi skal i lag med pårørande vere ein forlenging av heimen. Ein skal øve på kvardagslege oppgåver som er forventa utifrå alder.

 Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Praktisk og personleg hjelp
  • Aktivisering og fritidsaktivitetar
  • Målretta miljøarbeid
  • Samarbeid med foreldre 
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar  
  • Utarbeide og følgje opp planar og tiltak 
  • Journalføre og dokumentere via fagsystem  
  • Legemiddelhåndtering

Kvalifikasjonar 

  • Vernepleiar med autorisasjon
  • Andre med 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfagleg eller pedagogiske fag kan og søkje
  • Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring 
  • Må kunna ta fagansvar og bidra til fagutvikling i gruppa
  • Kunnskap om relevant lovverk
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt 
  • Gode norskkunnskapar 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • God digital kompetanse 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing;

  • God samarbeidsevne, god kommunikasjon og evne å vere ein relasjonsbyggjar 
  • Trivast å arbeide med foreldre, barn og ungdom 
  • Kan handtera arbeidspress og stor arbeidsmengde 
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert 
  • Evne til fleksibilitet og endring 
  • Vere opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Kunna takla utfordrande åtferd

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. 
  • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring. 
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

08.07.2025

Tiltreding:

Snarleg tilsetting

Arbeidsstad:

Villatoppen avlastningsbustad

Kontaktpersonar:

Jannice Rasmussen

mob: +47 95245720

Randi Pedersen

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 45288088

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: