Kvinnherad kommune Undarheim skule

Brenn du for å gjera ein skilnad for barn og unge? Då kan Undarheim skule (Husnes barneskule) vera den rette staden for deg!

Lærar i 100% fast stilling - Undarheim skule

Omtale av stillinga

Me søkjer no etter ein engasjert lærar i 100% fast stilling frå hausten 2025. Du som søkjer, ønskjer å skapa eit trygt, inkluderande og stimulerande læringsmiljø, og ser verdien av å samarbeida tett med både elevar, kollegaer og føresette.

 

Kven er vi?

Undarheim skule er ein barneskule med om lag 200 elevar og ei elevgruppe som speglar mangfald – hos oss er om lag 15 nasjonar representerte.

Me har eit godt arbeidsmiljø, der om lag 40 dedikerte og hyggelege tilsette jobbar saman for å skapa eit trygt, inkluderande og utviklande skulemiljø. Hos oss vert du sett, høyrt og oppmuntra – og du får bidra til noko som betyr noko, kvar einaste dag.

 

Snart inn i nye lokale

Våren 2026 flyttar me inn i eit heilt nytt skulebygg og blir Husnes barneskule – og det er me stolte av. Bygget er teikna i tett samarbeid med dei tilsette, og vil innehalda: lydstudio, skaparverkstad, amfi og fleksible undervisningsrom. Det er også moderne og gode arbeidsrom for dei tilsette.

Skulen får eit innbydande uteområde og ligg tett ved flotte turområde – og ikkje minst: vegg i vegg med Kvinnherad Arena, ein ny fleirbrukshall med klatrevegg, trampolinar og mange aktivitetsmoglegheiter.

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisa i ulike fag i grunnskulen
  • Klasseleiing og relasjonsbygging
  • Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
  • Bidra i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
  • Samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar (utviklingssamtalar, foreldremøte m.m.)
  • Skape og vedlikehalda eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø

 

Kvalifikasjonar

  • Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for arbeid i grunnskulen
  • Ønske om ein av følgjande:
    • GLU 1-7
    • GLU 5-10
    • Allmennlærarutdanning

 

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og trygg klasseleiar
  • Strukturert, sjølvstendig og systematisk
  • Utviklingsorientert og lærevillig
  • Gode samarbeidsevner og relasjonell tryggleik
  • Positiv, løysingsorientert og bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

 

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.

 

Kvifor velja Undarheim og Kvinnherad?

Kvinnherad kommune er først i landet med gratis SFO, og tilbyr støtte til flytting etter avtale. Her får du høve til å bu og arbeida i eit område rikt på fjell, fjord, klatring, turar og naturopplevingar – og eit lokalsamfunn der folk kjenner kvarandre og trivst.

 

Kjenner du deg igjen?

Då vil me gjerne høyra frå deg!
Send inn søknad – og bli med på reisa vidare mot framtidas Undarheim skule (Husnes barneskule).

 

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.07.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Husnes

Kontaktpersonar:

Beret Sirma-Tellefsen Hveem

mob: +47 48861998

Rikard Røros

mob: +47 95754306

Adresse:

Røsslandsvegen 5 5460 Husnes

Kart: