Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Lærar 100 % vikar

Lærar 100 % vikariat

Omtale av stillinga

Vi lyser etter inntil 100% vikariat som lærar skuleåret 25/26 med høve for forlenging. Det er størst behov for lærar med kompetanse i matematikk, naturfag, men andre fag vert også vurdert. Det er ynskjeleg med kompetanse i spansk og spesialpedagogikk. Husnes ungdomsskule er ein god stad å vera både for ungdomar og vaksne. Brenn du for å påverka ungdomane på utviklingsreisa deira, har vi verkeleg lyst til å koma i kontakt med deg. Våre tilsette er rause og dyktige med eit positivt elevsyn. Husnes ungdomsskule ønskjer å vere ein stad der utvikling og betring går hand i hand. Dette gjeld både på individ- og systemnivå.

Arbeidsoppgåver

· Undervisning

· Klasseleiing

· Tilsyn med elevar

· Pedagogisk utviklingsarbeid

· Samarbeid internt og med evt. andre eksterne samarbeidspartnarar

· Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø

· Sikra at elevane får eit godt skuletilbod

 

Kvalifikasjonar

Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervisning på ungdomstrinnet Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar

· Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.

· Har gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, ungdom, foreldre/føresette med respekt og forståing.

· Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.

· Er lærevillig og utviklingsorientert.

· Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

· Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

· Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML

· Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP

· Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd

· Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø

· Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søknadsfrist: 01.08.25

 

Kontaktpersonar:

Hjørdis Nikoline Østerbø, rektor, tlf. 99571504

Mariann Risdal, tlf. 95832001

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.08.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Husnes ungdomsskule

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kart: