Kvinnherad kommune Barn og familie

Familieterapeut 100% fast - knytt til prosjekt

Eining Barn og familie - er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak for barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter. 

Omtale av stillinga 

Kvinnherad kommune, eining barn og familie, ynskjer å utvikle fleksible og gode tenester som gir barn, unge og familiar rett hjelp til rett tid. Vi har søkt, og fått tildelt prosjektmidlar frå Statsforvaltaren til og med 2026. Prosjektet heiter «Skreddarsaum”, og vert overordna leia av avdelingsleiarane i eining barn og familie og vert styrt av prosjektleiar som og er familieterapeut inn i prosjektet. Prosjektet skal ha eit heilskapleg fokus basert på medverknad, positiv utvikling og tverrfagleg samarbeid med, og for familiar med samansette behov der barna har høgt skulefråvær. Skreddarsaum blir ein del av familieteamet i avdeling Familiestøtte.  

Stillinga er organisert i Familiestøtte og vil vær ein del av det faglege fellesskapet i avdelinga. Prosjektet og stillinga vil i stor grad arbeide saman med andre relevante samarbeidspartnarar i eining barn og familie (PPT, Barnevern, Helsestasjon), barnehagar,  barne- og ungdomsskule, NAV, Rus og psykiatri og BUP.  

Vi søkjer etterein familieterapeut med ansvar for miljøterapeutiske oppdrag i familiar, og oppfølging og rettleiing i familiar som får eit tilbod i prosjektet Skreddarsaum. Ved ledig kapasitet vil andre arbeidsoppgåver kunne tildelast. Det kan bli endring i arbeidsoppgåver undervegs. Familieterapeut vil ha ansvar for å planlegge og følgje opp tiltak i kvart oppdrag i prosjektet. Familieterapeuten skal saman med prosjekt-teamet følgje opp framgang i saker, og sikre god samhandling med heimar og andre hjelpetenester.  

Den som vert tilsett vil saman med prosjektleiar og prosjektgruppe etablere gode rutinar for drift av prosjektet.   

Arbeidsoppgåver 

  • planlegge og koordinere tiltak saman med prosjektleiar  
  • samhandling med aktuelle faginstansar /aktørar 
  • Kontakt, samhandling og oppfølging med familiar .  
  • Samtalar, rettleiing og miljøretta arbeid og praktisk hjelp til foreldre med mål om å finne løysingar som gjer at familien opplev meistring, trivnad og er i dagleg aktivitet. Rettleiinga vil i stor grad føregå i familiane sine heimar. 
  • dokumentasjon og rapportering  

Kvalifikasjonar 

  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, men andre med høgskuleutdanning kan og søkja. Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning innanfor fagområda familieterapi, rettleiingsmetodikk eller psykisk helsearbeid for barn og unge. 
  • erfaring frå terapeutisk endringsarbeid

Personlege eigenskapar 

 Ved tilsetjing vert det lagt vekt på at ein har/er; 
  • evne til å støtte og motivere til endring 
  • gode samarbeidsevner, god kommunikasjon og evne til å bygge relasjonar 
  • effektiv og handterer høgt arbeidspress i periodar 
  • god kompetanse på digitale verktøy 
  • eigna for, og har erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familiar 
  • evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert. 
  • har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • erfaring med, og evne til tverrfagleg samarbeid. 
  • evne og vilje til å sjå etter løysingar og vere nytenkjande med fleksibilitet og endringsvilje 

Den som vert tilsett må ha sertifikat. 

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.  
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.  
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.  
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.   
  • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.  
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.  
  • Ein må pårekna noko ettermiddags og helgejobbing basert på behov og i tråd med AML.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.11.2025

Tiltreding:

Snarleg tilsetting

Arbeidsstad:

Husnes tenestesenter

Kontaktpersonar:

Randi Pedersen

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 45288088

Veronica Thorsen

mob: +47 90076543

Adresse:

Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kart: